Kvinnherad Elektro AS satsar stort på samferdsel. Vi har vore i marknaden sidan 2000, og fyrste veganlegget vi hadde var nye E-18 i nordre Vestfold.
Oppdragsgivar er både Statens vegvesen med sine eigne elektro-entreprisar, eller som del-entreprisar under hovudentreprenør. Arbeidet inneheld mellom anna levering og montering av tavler, naudskap, lys, vifter, kablar (fiber, kraft, stråle-kablar), antennnemaster, UPS-system, PLS-system, telefon-kioskar, lys- skilt, kabelstigar, komplette pumpestasjonar og avfuktarar.
Arbeidet gjer at ein må ha tilgjenge på mykje utstyr og hjelpa seg med, dette har vi løyst med innkjøp og leige.
Kvinnherad Elektro AS har eit tett samarbeid med dei fremste leverandørar av trafikkteknikk i Noreg. Saman garanterar dette for kvalitet og levering til rett tid.
Våre samferdselprosjekter
Ny-installasjon | |
---|---|
Jondalstunellen | 2012 |
Sokna-Ørgenvika vegsamband | 2014 |
Stordalen veganlegg | 2015 |
Tyssetunellen | 2015 |
Solheim – Skjoldavik vegsamband | 2015 |
Rehabilitering | |
---|---|
Isetunellen | 2013 |
Bømlafjordtunnellen | 2018 |
Gudvanga og Flenja-tunellen | 2019 |