3 nye kontraktar
Vi har gleda av å informera om at vi har inngådd ikkje mindre enn tre nye kontraktar.
- Stordalsprosjektet i Etne, E 134. Som underleverandør til Kruse & Smith AS er vi tildelt elektrokontrakten i tunnelen og tilstøytande vegar.
Arbeidet skal starta opp hausten 2014 og vera ferdig hausten 2015. - Skjoldavik – Solheim, E 134. Som underleverandør til Vassbakk & Stol AS er vi tildelt elektrokontrakten på denne parsellen, som får to mindre tunnelar og gatelys på resten. Arbeidet skal starta opp hausten 2014 og vera ferdig hausten 2015.
- Ryfast, Solbakktunnelen.(Stavanger – Tau). Her er vi tildelt nok ein underleverandørkontrakt, denne gong med AF Gruppen Norge AS. Arbeidet omfattar ikkje elektro(kjem som eige anbod seinare), men hovudsakeleg levering og montering av kabelbanar, nødtelefonkioskar og jording m.m. Det er noko fram i tid før vi får tilgong her. Oppstart ved årskiftet 2015/2016 og ferdigstilling sumaren 2017.
Samla så utgjer dei overnevnte kontrakane kring 50 millionar i ordrereserve og med dette har vi styrka vår posisjon innan samferdsel.