Storkontrakt til Kvinnherad Elektro
Tirsdag 27. september underteikna Kvinnherad Elektro AS kontrakten på elektro og SRO oppgradering av den nesten 8km lange undersjøiske Bømlafjordtunnelen, som underleverandør til entreprenørfirmaet Risa AS.
Dette er den største enkelt kontrakten i verksemda si historie. Arbeidet tar til i Oktober i inneværande år og skal ferdigstillast våren 2018. I 2017 skal i tillegg verksemda i gang med andre store prosjekt som Solbakktunnelen (Ryfast), Rosendalstunet og installasjon av taretrålar for Hellesøy Verft. Kvinnherad Elektro kan dermed med glede sjå fram i mot eit par travle og innholdsrike år med høg aktivitet og omsetning.