Samferdsel

Kvinnherad Elektro AS satsar stort på samferdsel /trafikkteknikk. Her har vi etter kvart fått god røynsle. Vi starta opp som underleverandør til Siemens på Folgefonn-tunnelen og Eltel Elektro på nye E-18 nordre Vestfold (2000).

Fyrste tunnelen vi hadde på eiga hand var Stedjeberg tunnelen i Sogndal (2006-2007), så kom Halsnøysambandet (2007-2008) og etterpå tilbake til Sogn på Fatlabergtunnelen (2008-2009) Moshovdatunnelen (2009) i Eikelandsosen og i Desember 2011 starta vi med installasjon av den 10km lange Jondalstunnelen som per i dag er det største enkelt prosjektet i verksemda si historie.  Etter utsagn frå Statens Vegvesen er dei svært nøgde med Kvinnherad Elektro AS sitt arbeid og vi er stolte over det.

Samferdsel

Oppdragsgjevar på trafikktunnelar har vore Statens Vegvesen med eigne elektro-enterpriser og som del-enterpriser under hovedentrepenør.
Arbeidet innheld levering og montering av tavler, naudskap, lys, vifter, kablar (fiber, kraft, stråle-kablar), antennne master,UPS-system, PLS-system, telefon-kioskar, lys- skilt, kabelstigar, komplette pumpestasjonar og avfuktarar. Arbeidet gjer at ein må ha tilgjenge på mykje utstyr å hjelpa seg med, dette har vi løyst med innkjøp og leige. Kvinnherad ELektro AS har eit tett samarbeid med dei fremste leverandørar av trafikkteknikk i Noreg. Saman garanterar dette for kvalitet og levering til rett tid.

SJÅ FLEIRE PROSJEKT INNAN Samferdsel


Halsnøytunnellen

Moshovdatunnelen

Stedjebergtunnelen