Nysignert kontrakt med Hellesøy Verft & Festidalen

(30.03.2012)

Kvinnherad Elektro AS har sikra seg kontrakt på installasjon av eit nytt supplyskip ved Hellesøy Verft. Skipet har Bygg Nr.150 og er nr.7 av typen VS 485 Supplyskip som vi installerer for Hellesøy Verft sidan 2008.

Samstundes kan vi med glede annonsera at Kvinnherad Elektro AS har blitt hovudsponsor for Festidalen 2012. Dette er eit nytt ledd i bedrifta si satsing mot kultur og idrett. Hovudarrangementet blir avholdt i Uskedalen frå 3 til 4. August. Markeds-ansvarleg i Kvinnherad Elektro AS, Kjetil Helvik, hadde fylgjande å sei om samarbeidet til lokalavisa Grenda :

” Programmet er spennande! Det blir gjort veldig mykje frivillig arbeid i Kvinnherad, og vi støttar opp om kultur og idrett. Vi er svært positive til å støtta eit arrangement som involverer så mange frivillige dugnadsfolk. Festidalen er eit tiltak som er positivt for kommunen generelt og Uskedalen spesielt ”

Les meir om Festidalen 2012 på deira heimaside: http://festidalen.no/no/