Nye samferdselsoppdrag

(13.08.2013)

Vi har lukkast med å skaffa oss to nye oppdrag innan samferdsle.

Saman med Land Elektriske AS på Dokka (Arbeidsfelleskap på 50/50-basis) er det inngådd ein stor kontrakt med Statens Vegvesen på RV 7 i Hallingdal. Ein heilt ny parsell gjennom Sokna vil korta vegen mellom Oslo og Bergen med ca. 20 km. Vi skal i fellesskap med Land Elektriske AS installera to tunnelar på tilsaman over 6,5 km og ein mindre miljøtunnel. Arbeidet startar opp no i august og skal vera ferdig til sumaren 2014.

Vi har også inngådd ein kontrakt med Statens Vegvesen om å installera Agjeldtunnelen i Nordfjord (Olden – Innvik). Denne er 950 meter lang og skal påbyrjast i november og vera ferdig i mars 2014.