Kvinnherad Elektro har starta arbeid på ny tunnel
Våren 2018 signerte Kvinnherad Elektro kontrakt med Statens Vegvesen for oppgradering av Gudvanga- og Flenjatunnelane, og no er vi godt i gong med arbeidet. Tunnelane er er planlagt å ferdigstillast i 2020.
Gudvanga- og Flenjatunnelane ligg i Aurland Kommune i sør-østre del av Sogn og Fjordane.
Oppgraderingsprosjektet er ein del av Statens Vegvesen sitt nasjonale tunneloppgraderingsarbeid, på grunnlag av nye tunnelsikkerhetsforeskrifter.
Flenjatunnelen 5km:
Denne vart delvis oppgradert i 2009, der Byggherre har valgt å beholde delar av elektroinstallasjonen. Her skal det installerast blant anna nye videokamera, nød- og automatikkskap, radar etc. som ikkje var ein del av forskriftene i 2009.
Gudvangatunnelen 11,4km:
I korte trekk så skal all elektroteknisk installasjon fornyast, det er blant anna sprengt ut 6 nye nisjer til nye tekniske rom. Alle kablar, kabelstigar, lys, overvåking skal byttast ut med nytt i denne tunnelen.
I tillegg skal det inn nye videokamera, radar, nød- og automatikkskap som i Flenja.
Litt faktaopplysningar rundt Kvinnherad Elektro sitt leveranseomfang(med underleverandørar):
- Installasjon av 8 Tekniske bygg med nye tavlerom i Gudvangatunnelen
- 112 stk Nødstasjonsskap
- 117stk Automatikkskap
- Ca 17000m med LED Ledelys/rømmingslys
- Ca 1300stk LED lysarmaturar
- Tilkobling av 108stk nye ventilatorar
- Ca 13000m Kabelstigemontering
- Ca 92000m med Elkraftkabel
- Ca 115500m Signalkabel
- Montering av ca 200 skilt
- Montering av 145 videokamera
- Ca 26000m Fiberkabel
- 11400m Strålekabel