Gudvanga & Flenja tunnelane overlevert til Statens Vegvesen
Etter 4år og 5mnd med hovedsakelig nattarbeid vart oppgraderings prosjektet av Gudvanga og Flenja tunnelane i Sogn i dag formelt overlevert til byggherre Statens Vegvesen. Kvinnherad Elektro har vert hoved entreprenør i prosjektet i lag med grunn & betong entreprenør Flage Maskin frå Voss. ABB har vore underentreprenør og samarbeidspartner i prosjektet med leveranse av styring, regulering og overvåkingsutstyr. For utenom utskiftinga og oppgraderinga av all elektrisk installasjon i henget på tunnelløpet, har vi mellom anna installert nye tekniske bygg, ledelys, vegljos, effektbelysning, kameraer, radarer, brannskap oa.
Dette er det desidert største og mest omfattande prosjektet i verksemda si historie. Totalt 30 av våre tilsette har vore aktivt involvert i prosjektet, i tillegg har vi hatt innleige av montører, assisterande prosjektledera og ingeniører frå vårt datter og samarbeidsselskap Vassnes Solutions AS. Særleg dramatisk vart det ei natt i Mars 2019 då eit vogntog lasta med lammekjøtt tok full fyr inne i Gudvanga tunnelen. Heldigvis agerte trafikk dirigentane og vårt personell lynkjapt og fekk seg sjølv og andre trafikkantar ut i sikkerhet.
Vi takkar alle overnevnte for den enorme innsatsen som er lagt ned i dette prosjektet.